I løpet av våren 2017 har turlaget bygd 25 nye gangbruer på vestsida
av Bildevatnet, på strekninga mellom demningen og sørenden av vatnet.
Ein god gjeng entusiastiske medlemar bar materialar innover i
terrenget og monterte bruene på dei våtaste strekningane.
Tiltaket gjer det lettare å ferdast i dette flotte området.
Mesteparten av dugnadsgjengen ved ein av de nye gangbruene.