Vedtekter for Sotra og Øygarden turlag
1. Formål
Sotra og Øygarden Turlag har som mål å få fleire til å bruka naturen på Sotra og i Øygarden, og å bli betre kjent i nærmiljøet.
Dette vil vi gjere ved å
- merke og vedlikeholde stiar
- rydde nye stiar
- setje opp karttavler og få laga nye kart
- arrangere fellesturar
- støtte tiltak som tek vare på natur og friluftsområde
- ta initiativ til aktivitet som aukar interessa for friluftsliv
- sende informasjon til medlemene
2. Medlemskap og kontingent:
- Kontingenten er kr 100.- pr år pr person
- Årsmøtet kan endre kontingenten
3. Årsmøtet:
- Årsmøtet skal haldast innen utgangen av mars, og vert kunngjort i skriv til medlemene
- Møtet vert også kunngjort i lokalpressa
- Årsmøtesaker må vera styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet
- Årsmelding og revidert rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet
- Årsmøtet vel leiar kvart år
Styret:
Styret består av leiar og 4 medlemer. Styremedlemene vert valt for 2 år, og to er på val kvart år. Styret konstituerer seg sjølv.
Revisor:
Det skal veljast 2 revisorar som kvar vert valt for 2 år, men det er val på ein kvart år, slik at det vert overlapping.
Valkomité:
Det skal veljast valkomité som består av 3 medlemer som kvar vert valt for to år, men det er val på ein eller to kvart år slik at det vert overlapping. Formann i valkomitéen vert valt på årsmøtet.
4. Oppløysing:
- Årsmøtet kan vedta at Sotra og Øygarden Turlag skal verte oppløyst.
- Dersom Sotra og Øygarden Turlag vert oppløyst skal all eige og verdiar gå til Røde Kors eller ein annan humanitær organisasjon som årsmøtet bestemmer.