Velkomen til Sotra-Øygarden Turlag

Innhald:

Informasjon om turen til Løno den 19. juni 2016

19. juni 2016 har turlaget , etter oppfordring, planlagt båttur til Lønøy. ( Samme opplegg som vi hadde i 2011.) Til denne turen må vi ha påmelding, innan 19. mai 2016. Fjell kystlag stiller med båtar og mannskap. Alle må ha redningsvest med ( og på...).

Ved 20 - 29 pers., kr 150,- pr pers., 30 eller fleire, kr 100,- pr pers. Barn ( under 15 år ) halv pris.

Blir det mindre enn 20 påmeldte, blir turen avlyst, ( eller evt dyrare ). Vi må dekka inn prisen som kystlaget skal ha.

Skulle det bli kuling frå nord-nordvest, eller skikkelig vass-vær med skodde, blir det ingen båttur, då har vi ein plan B. Men vi satsar på ein flott sommar-søndag. Ta med mat og drikke, kanskje blir det både grill - og badevær ?

Vi jobbar med å få lokalkjente til å ta oss med rundt på øya, og fortelle om gamle dagar. Velkommen !

Påmelding til tlf : 56 33 14 83 / 99 55 04 51 ( Espeskog ), 55 09 41 01 / 48 04 17 65 (Nordvik).

Plan B : Må vi av før nevnte grunnar avlysa båtturen, blir det tur på Algrøy. Turleiar Leif N. Algrøy tar oss med på ein lett tur, ca 3,5 - 4 t gjennom den "raude turløypa" der ute. Frammøte ved Algrøy skule, kl 10.30.

For evt. spørsmål, møt opp på årsmøtet, ( 09.mars 2016 ). Der vil vi også i år lodde stemninga for den populære (tradisjons ? -) turen til Høvringen. Fleire har alt "meldt seg på", men vi må ha litt meir fast fisk for å jobbe videre med ein eventuell tur. Dato for Høvringen blir i så fall f.o.m. søndag 21. august t.o.m. fredag 26. august 2016.

For Sotra-Øygarden turlag,

Styret.

Tilbake