Velkomen til Sotra-Øygarden Turlag

Innhald:

Om Sotra-Øygarden Turlag

Litt historikk:

Fjell Turlag vart skipa i september 1991. Første leiar var Lars Bleie.

På årsmøte i februar 2003 vart det vedteke å endra navnet til Sotra-Øygarden Turlag. I dag (mai 2008) har turlaget 180 medlemer.

Turlaget har som føremål å stimulera til auka friluftsliv både for folk i distriktet og tilreisande. Vi har ein unik natur som og gjev utfordringar for dei som ynskjer å oppleve naturen her vest.

Våre viktigaste oppgåver er å arrangera fellesturar, merka og vedlikehalda turstiar. Turlaget arrangerer årleg mellom 12 og 14 turar både innanfor og utanfor Sotra-Øygarden. Turane er lagt til søndagar, og vert kunngjort "På plakaten" i VestNytt.

Ta kontakt med ein av oss i styret viss du ynskjer fleire opplysningar. Det er ikkje nødvendig å vere medlem for å delta på turar.

I turprogrammet er dei einskilde turtypene delt i tre kategorier. Desse er:

Lett tur:

Ein tur som går på stiar i lett terreng utan dei store opp- og/eller nedstigningane. Turen varer opp til fire timar. Turen krev ikkje den store kondisjonen. Barn frå 7 års alderen kan delta.

Middels krevjande tur:

Ein tur som går i lett terreng utan store opp eller nedstigningar tre til fem timar, eller ein tur som går utanfor opptrakka stiar eller har ein del opp og nedstigningar og turen varer ikkje over fire timar. Eit viss kondisjonsgrunnlag krevst.

Krevjande tur:

Ein tur som er lengre i tid eller går igjennom vanskelegare terreng enn det som er definert under middels krevjande tur. Eit godt kondisjonsgrunnlag krevst.

Allemannsretten bestemmer rettar og plikter ved ferdsle i naturen. Den finner du her.